VIL DU VERE CREW?
VIL DU VERE CREW?

VIL DU VERE CREW?

Vi treng fleire i CREW!

BurnOut Dataparty ynskjer frivillige til framtidige arrangement.

Vi treng medlemmar til ulike oppgåver for å sørge for at ungdommen har ein fantastisk ferie med oss.

Om du ikkje veit kvar du vil, send oss fortsatt ein forespurnad, så finn vi ein plass til deg!

Send oss din søknad på: wannabe@ulsteinlan.com


Vi ser etter:

Game-Crew

I Game-Crew jobbar du i eit team som er ansvarlege for spelkonkurransar og lokale spelserverar.
Har du:

  • Ein lidenskap for spel?
  • Lyst å lære meir om serverar og nettverk?
  • Litt kunnskap om server?
  • Brenner du for E-sport?

Ynskjer du å bli med i Game-Crew? Då er det berre å søkje. Opplæring og tidsplan vil bli gitt.


Medlemskoordinator

Ein medlemskoordinator jobbar med å gi våre medlemmar gratis ting som blir utdelt under arrangementet.

Medlemskoordinator skal óg få vite når alt skjer under arrangementet, og korleis ein skal henvende seg om eventuelle, og meir avanserte spørsmål. Vi treng minst to personar i denne rolla, og helst over 16 år.

  • Handternig av spørsmål fra deltakerar
  • Finne ting å gi vekk til medlemmane under arrangementet fra bedrifter
  • Handtering av pant/pantelotteri
  • Tett sammarbeid med alle crew

Dronepilot

Det innebere ei stilling som ikkje finst i dag, men er sårt trengt. BurnOut Dataparty har ei Drone av typen «DJI Phantom 4» som vi ser etter ein pilot/fotograf til.

  • Filming rundt arrangementet for Media, og promotering
  • Dette skjer i tidsrommet før og under arrangementet

Vakter

  • Her krever vi ein myndig person, dvs. over 18 år med plettfri vandel.
  • Er du foresatt eller bare har ferie og ikkje veit kva du skal gjer på?
  • Oppgåver under arrangementet blir innsjekk, vaktrunder rundt inne og utanfor lokalet. Vi har 24-timers vakthold da det alltid er nokon våken.
  • Vaktene blir delt opp i vaktlag med ein tidsplan

Media

  • Ingen krav til alder
  • Erfaring med bilde og videoredigering. Vi brukar Adobe sine produkter i dag, så vi lett kan jobbe saman.
  • Oppsett av nettside og oppdatering av informasjon til deltakerane. Vi brukar WordPress.
  • Oppgåvene i Media-crew er å planlegge arrangement tema, oppsett av nettstad. ta bilder før og under arrangementet, filme, streaming, redigere bilder og videoar. Vi lagar også effekter/bannere til nettsida, facebook og andre sosiale medier.

Kiosk

  • Må kunne jobbe i team, må takle å jobbe natt, kan til tider være høgt tempo og null tempo om kvarandre, må kunne «sjå» kva som må/bør gjerast
  • Ryddig, oppvask og eller kjøkkengjøremål
  • Like å jobbe med ungdom

Nettverk

  • Vi ser etter ein som har kunnskap eller bakgrunn innen nettverk
  • Arbeidsoppgåver vil være oppsett av det komande arrangementet, vedlikehald og vakt på dag/nattestid. Nettverket skal være oppe uten brudd under heile arrangementet.

Airsoft

  • Du må være minst 16 år, helst 18
  • Salg av runder, dommar og instruksjon av reglar før runder.

Send oss din søknad til: wannabe@ulsteinlan.com