OM BURNOUT DATAPARTY
OM BURNOUT DATAPARTY

OM BURNOUT DATAPARTY

Om BurnOut Dataparty som arrangerer UlsteinLAN:

Vi har arrangert datatreff for nerdar og normalfolk sidan vår oppstart i 1999. (Jau, vi starta faktisk i rett årtusen, og mest sannsynleg før du var fødd!!!

UlsteinLAN er eit av våre arrangement som vi har hatt i nokre år, og har stor vekst dei siste åra før pandemien kom og tok Noreg for 3 år sidan.

No satsar vi på å vere tilbake for fullt, og vil halde datatreff hos Ulstein Arena hovudsakelig i veke 8 og veke 41 kvart år, med unntak av påska 2022.

Vi har lang tradisjon med å arrangere slike treff, og er stolt av å kalle oss ekte NERDAR!

Gjengen som vi har med oss på desse treffa er utelukkande frivillige og legg ned masse tid og energi i det som har vore vår store stoltheit.

Alle våre arrangement er rusfrie og gratis*.

Vi arrangerer gratis* fordi vi har Foreningen for fantastiske fritisdsinteresser i ryggen. Også kjent som N4F.

Det einaste du betalar hjå oss er medlemskap for inneværande år. Etter dette er det gratis å kome på våre treff, så framt du har med deg PC eller konsoll. Dagspass for dei som vil inn og kike eller halde godt lag må løyse billett ved ankomst.

Velkommen til oss!