KVIFOR MEDLEMSKAP?
KVIFOR MEDLEMSKAP?

KVIFOR MEDLEMSKAP?

Ynskjer du å verte medlem i BurnOut Dataparty?

Akkurat no er det berre ein måte å gjer dette på:

Alle medlemskap betalast i døra, altså ved innsjekken på eit av våre arrangement, ved bruk av Vipps. Det som er heilt fantastik med medlemsavgifta, er at den varer ut heile kalenderåret!

Medlemskapet kostar i 2023 kr 100,- (per kalenderår).

Kva fordelar får DU av medlemskapet hos BurnOut Dataparty?

  • Gratis adgang og bordplass til våre arrangement i 2023, som er i vinterferien (veke 8) og haustferien (veke 41) om ikkje noko uforventa oppstår.
  • For gratis adgang er det krav om at du MÅ ha med deg anten PC eller konsoll på arrangementet.
  • Vi jobbar med meir som vil bli innkludert i ditt medlemskap, og kjem tilbake med dette.

Kvifor må vi ha 100,- i medlemsgebyr? 

– BurnOut Dataparty er medlem i organisajonen Hyperion. Her hentar vi ut dei
største delane av kontantstraumen vår igjennom eit år, i form av midler
frå Frifond. For å motta støtte frå Hyperion må vi kunne vise til ei medlemsliste med aktive medlemmar. Ein
aktiv medlem er eit medlem som betalar ein kontigent til organisasjonen
(BurnOut Dataparty) på minimum kr 100,- pr år. For dette, får vi gleda
av å motta støtte i form av midler frå dette fondet som vi ikkje kunne
ha vore uten. Vi takker derfor blant anna Hyperion og Tussa,
samt Ulstein Arena for at vi kan bistå med å halde den aktive nerden i
deg gåande!

Har du spørsmål til dette, så ta kontakt med oss på admin@nettverksparty.com. Eller send oss ei melding på vår Facebook side.