KVA SKAL DU HA MED DEG PÅ LAN?

1. Planlegg turen godt og hugs å reserver plass i god tid!


Skal du reise med andre venar, kan det være lurt å sette seg saman å planlegge.
Reserver plassen i god tid. Er ikkje sikkert det er plass om det er ei stor gruppe som vil sitte saman.

2. Ta med alt nødvendig utstyr

På LAN treng du noko å spele med. Dette kan være ein PC, bærbar eller ein konsoll (PlayStation, Xbox, Nintendo f. eks) Hugs at du skal få plass til det du tar med deg på 100x75cm, så ikkje ta med deg for mykje!

Alle har eit nettverksuttak på switchen som står midt på bordrekkene, så har du valgt å sette deg på enden, må du ha med deg ein nettverkskabel på minst 15 meter. Vi anbefalar alle å ta med seg 15 meter nettverkskabel. (Vi selger 15 meter CAT6 UTP i kiosken for 150Kr)

Straum, du har eit strømuttak på bordet. Ta med deg straumpadde (forgreinar) for å forsyne gaming riggen med straum.

Ta med deg godstolen ikkje minst!

3. Kle deg etter forholdene og hugs skift

Ha med deg komfortable kle, finstasen kan liggje att heime. Tempratur kan variere, så ta med deg også litt varmare tøy om det skulle bli litt kaldt.

Vi har også tilgjengeleg dusjar som har plass til maks ein person, så ikkje gløym handduken!

Og ikkje minst, rabatterte prisar på Ulstein Badet! (Vis båndet ditt)

Ta med deg toalettsaker (tannbørste, tannkrem, såpe, deodorant)

4. Mat og drikke

Det er ikkje noko nytt at energidrikk er vanleg på LAN. Ta derfor med deg ei drikkeflaske som du kan fylle på med vatn, vi har vanndispensar med både kaldt og varmt vatn. Vatn virkar betre en energidrikk!

Det vil være døgnåpent kioskdrift, her lagar vi mat fra botnen av.

Vi minnar på at våre arrangement er 100% rusfrie, så la alkoholholdig drikke eller andre rusmidlar være!

5. Ein god spelar er utkvilt

Med det sagt, så skal vi sjølvsagt gi deg ein plass å sove på. Vi kan dessverre ikkje stille med seng eller luftmadrass, men vi har eiget oppmerka areale for soving.

6. Hylle

Det kan ofte være liten plass, men å lage ei hylle å sette PCen og anna snacks i er å anbefale.

Hylla kan IKKJE være djupare en 70cm (5cm for kablar bak)

Hugs at din plass er 100cm brei, byggjer du med andre kan den være lengre, men den må støtte opp om strekket blir longt.

Det er IKKJE lov å feste hylla til bordet i form av skruar eller lignande, den må være stabil til å stå av seg sjølv.