FØRESATTE?
FØRESATTE?

FØRESATTE?

Er du ein forelder eller har ansvar ovanfor nokre ungdommar under arrangementet?

Under arrangementet vil der alltid vere ein stad dedikert som eit soveområde, slik dine søte små får ein blund under opphaldet, og tilgang til toalett og dusj. Med bånd, som ein får ved innsjekken, får dei også rabatterte prisar med Ulstein Badet under opphaldet.

Vi har arrangørar som er utdanna førstehjelpsinstruktørar og god dialog med Politiet som er innom og passar på at vi alle har det bra. Samt har vi vårt eiget vaktlag, med timeplan som gjer slik at nokon vil alltid vere tilgjengeleg, altså vakter 24 timar i døgnet som passar på!

På datatreffet vårt har vi ein kiosk med eit godt utvalg, der t.d. det meste av mat er laga frå botnen av. Det vert servert relativt sunn mat hos oss, alt i frå brødskive til pizza og taco, og midt i mellom. Men sjølvsagt er det matvare-butikkar i nærleiken av vårt arrangement, og snacks og smågodt er heller ikkje langt vekk 😉

Med stort utvalg av ulike brusar og energidrikk (både sukkerfri og med sukker), itillegg til vår eigen vanndispensar med kaldt og varmt vatn, har ungdommen eit energirikt og variert utvalg i vår kisok.

Du slepp sjølvsagt inn for å kunne sjå om alt står bra til!

Om du er usikker på kva som gjerast på eit slikt arrangement og vil ha ein bedre forståelse av vårt frivillige arbeid, så kan du melde di interesse som frivillig og hjelpe oss å arrangere ei slik samling for ungdommen. Les meir og meld di interesse her

Kontakt oss om det skal være noko!

Facebook – UlsteinLAN

– Styreleiar: Per Olav Digre – 91518498 – pdigre@edigre.com