KVAR FINN DU OSS?
KVAR FINN DU OSS?

KVAR FINN DU OSS?

Er du usikker korleis du finn fram til vår lokasjon? Les her!

Våre arrangement føregår i Ulsteinvik, under taket til Ulstein Arena. Nedanfor finn du både eit kart og adressa til vår lokasjon.

Vi minner alle på at inngangen til alle arrangementa våra IKKJE ER HOVEDINNGANGEN til Ulstein Arena, men ein av sideinngangane som er skilta når arrangementet startar. Om du ser biletet ovanfor, av framsida til Ulstein Arena, vil du finne inngangen vi benytter ved å følgje vegen bak trappa på venstre side.

Enklaste måten å finne fram på, er at du køyrer opp på baksida av huset og følgjer vaktene. Om du ikkje finne vakter, så kan du følge skiltinga, men der vil ALLTID vere vakter ved sideinngangen som er hovudinngangen for arrangementa våra.

KART

Adresse: Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik